mandag 25. oktober 2010

Gisle Surssons soga.

Er Gisle Surssons soga, ein typisk saga?
Mi n kamerat Simen Levorsen og eg (Didrik Fjeld), meiner at denne sagaen er ein typisk saga. Det er fleire kjenneteikn som gjør at den blir karakterisert som ein saga. Det tydeleg slekta og ættene som bestemmer kvar dei forskjellige menneska står i samfunnet. Hovudpersonen, Gisle, er ein typisk mannsfigur som kjenneteiknar sagaene. Han er god til å slåss, er modig og seier ikkje nei takk til ein kamp om liv og død. Han ser ting i draumane sine, som han trur fortelje han om kva som kjem til å hende.
Gisle er som sagt en helt, i den forstand at han kjempar sjølv om han veit han kjem til å dø. I tillegg kjempar han godt, og det kjenneteiknar ein helt. Til dømes når han blir stukki med spydet, strammar han berre beltet og kjempar vidare.
Sjølv om filmen er gamal, meiner vi at Gisle er ein moderne helt, for den eigenskapen og kunne slåss, og ikkje nøle med og gjøre det, kommer alltid til å høre til ein helt, anten han heiter Peter Parker eller Gisle Sursson.
Kvinnene i filmen er forholdsvis tilbakehaldne, men dei trekkar i trådane. Dei slåss kanskje ikkje fysisk, men driver på med ein maktkamp i mellom kvarandre.
Filmen blir litt dårlegare pga kvaliteten, men som sagt tidlegare, er filmen gamal så det er ikkje så rart at kvaliteten er dårleg. Vi har ikkje mye erfaring i å sjå på, men vi trur det er ein god saga, men kanskje ikkje kjem inn på topp 5 liste over dei beste filmane vi har sett. Men det er jo fordi vi har sett så mange gode filmar.